Her får hyttefolk straumavtale frå 1. januar:– Dette viser kor viktige fritidsbustadene er

Klikk på denne linken om hva som vil gjelde for deg som hytte eier.

https://www.hallingdolen.no/nyheiter/her-far-hyttefolk-straumavtale-fra-1-januar-dette-viser-kor-viktige-fritidsbustadene-er/

For de av dere som ikke har tilgang så legger jeg dette ut her.

For i formannskapet onsdag var verken Senterpartiet, Arbeiderpartiet eller Hol bygdeliste innstilt på å gå for eigne straumavtaler for fritidsbustadene.

Berre Høgre var klokkeklare på at ei slik avtale må på plass.

– Det er viktig å ta vare på hyttegjesten. Kjøpekrafta er god, men dei vil bli råka, meinte Hanne Haatuft (H) om høgare straumprisar.

– Ikkje alle har utømmeleg med pengar. Synd de ikkje vil vere med på dette, sa partikollega Susann Jaritz Bakken.

– Anerkjenner

Men etter eit gruppemøte var saka i boks. Eit omforeint forslag sikrar eigne straumavtaler for fritidsbustader frå 1. januar.

Det skal setjast av 40 GWh av konsesjonskrafta til formålet med eit prisintervall på 40-73 øre/kwh eksklusiv moms for dei første 500 kilowattimane kvar månad.

Ein føresetnad er at avtale blir inngått med Hol-eigde Ustekveikja Energi med eitt års bindingstid. Avtala bygger på spotpris time for time med ordinært påslag. Viss staten kjem med endringar eller justeringar i rammevilkår, kan avtalen justerast.

– Dette viser kor viktige fritidsbustadene er i Hol. Ei oppside er at det kan føre til fleire kundar for Ustekveikja Energi, sa Haatuft då vedtaket var klart.

Ifølgje dei økonomiske vurderingane frå administrasjonen, er det eit netto inntektspotensial på 5-11,6 millionar kroner med fråtrekk av kostnader viss det blir selt 20 GWh.

Men ut frå venta marknadspris i 2024 kan kommunen med eit selt volum på 20 GWh tape 2,5 millionar i inntekter for sal av konsesjonskraft.

Får tilbodet

Straumavtaler for fritidsbustader, næringsliv, lag og organisasjonar og lokalbefolkning har vore tema sidan vinteren 2022. Då straumprisane steig til rekordhøgder, kom etter kvart staten på banen med fleire ulike kompensasjonsordningar.

Kommunane, og spesielt dei med mykje tilgjengeleg konsesjonskraft, vart utfordra frå fleire hald om å kome opp med løysingar og avtaler for sine innbyggarar og hyttefolk.

Konsesjonskraft i Hol

* Hol kommune disponerer kring 214 GWh konsesjonskraft og 47 GWh andelskraft.

* Av dette brukar kommunen 13 GWh, noko som betyr at det er att 248 GWh som kan seljast.

* Kraftomsetninga blir forvalta av kommunens eige straumselskap, Ustekveikja Energi AS.

 

I Hol har dette skapt mykje engasjement, og ifølgje Ustekveikja Energi har dei hatt «fleire hundre» førespurnader om temaet.

Og etter fleire månaders arbeid og diskusjon, har kommunen landa. I tillegg til avtala for fritidsbustader, blir det i 2024 sett av 45 GWh av konsesjonskrafta til næringskundar, lag og organisasjonar.

Også her er det eit inntekstpotensial viss alt blir selt, 17,7-27 millionar med fråtrekk av kostnader. Venta marknadspris neste år viser eit mogleg tap på 5,5 millionar i tapte inntekter for sal av konsesjonskraft, viser administrasjonens utgreiing.

I diskusjonen om næringsstøtte var eit stort tema om ei slik avtale vil utfordre EØS-avtala. I verste fall kan eit feil vedtak bli granska av overvakingsorganet ESA, og næringskundar kan bli erstatningspliktige og må betale tilbake med renter.

Vedtaket som er fatta, skal vere godt innanfor EØS-regelverket om statsstøtte.

Det blir ikkje støtte til lokale hushaldningar i 2024, men i 2025 er det sett av 40 GWh til formålet.

Om støtta til hushaldningar, sa Martin Grøslandsbråten (Sp):

– Det ligg føre statleg støtte til hushaldningar. Men med dette vil me gi eit signal om at viss ikkje den statlege støtta blir vidareført, er me førebudd på at ei avtale kan tre i kraft.

Straumavtaler for næring, lag og organisasjonar

* Det blir sett av 45 GWh av konsesjonskrafta i 2024.

* Kundane må ha anleggsadresse i Hol og vere kunde i Ustekveikja Energi AS med eitt års bindingstid.

* Straumavtala byggjer på spotpris time for time med ordinært påslag. Ved endringar/justeringar i statens rammevilkår, kan ordninga endrast.

* Nedre pris er 54 øre/kWh og øvre pris 75 øre/kWh eksklusiv moms for inntil 100 prosent av faktisk forbruk.

Straumprisavtale for hushaldningar

* 40 GWh av konsesjonskrafta i 2025.

* Nedre pris 40 øre/kWh og øvre pris 73 øre/kWh eksl. moms for dei første 1500 kWh per månad.

* Føresetnad: Må vere kunde i Ustekveikja Energi med bindingstid på eitt år.

* Straumavtala bygger på spotpris time for time med ordinært påslag. Ved endringar/justeringar i statens rammevilkår, kan ordninga endrast.

– Lurt tenkt

Saka skal til endeleg behandling i kommunestyret, men bør vere «kokt mat». Og politikarane, som hadde diskutert saka i over to timar, var fornøgde med det dei til slutt vart samde om.

– Dette gjer det også føreseieleg i kommunebudsjettet. Det er sikra ein pris me meiner er god, det varetek kommunen. Dette er utelukkande ei straumavtale, ikkje subsidiar, som er god for begge partar, sa Grøslandsbråten.

Pål Knutsson Medhus (Hol Bygdeliste): – I ei så viktig sak vil eg at innbyggarar og hytteeigarar får meir kunnskap om kva formannskapet no gjer. Dette bidreg til stabilitet, der me imøtekjem ulike krav og står samla. Dette er godt nytt, og det er ansvarleg. Det er lurt tenkt.

Forrige innlegg
Hei nå er vi snart 900 medlemmer i vellet.
Neste innlegg
Hyttemøte på Geilo 24.februar
keyboard_arrow_up