Rettsdom stoppar delar av utbygging

Buskerud tingrett

Ustaoset Fjellandsby AS får ikkje bygge ut eit område på Karivollen på Ustaoset. Ein heftelse frå 1916 står i vegen.

Det er ein dom i Buskerud tingrett som slår fast dette etter at Fjellhytten AS gjekk til sak mot Ustaoset Fjellandsby tidlegare i år. Fjellhytten AS vil stoppe delar av utbygginga av naboeigedommen Karivollen og hevdar ein gamal heftelse (servitutt) hindrar dette.

I juni vart saka behandla i tingretten i Drammen. Tidleg i juli var dommen klar. Og tingretten slår fast at servitutten framleis gjeld.

– Ordlyden i servitutten er ikkje omstridt og inneber eit totalt byggeforbod innanfor servituttområdet, konkluderer Buskerud tingrett.

Frå 1916

Historia er over 100 år gamal. Sentral i saka er ein servitutt frå 27. mai 1916. Då fekk hytteeigaren professor Chr. Leegaard og grunneigaren tinglyst heftet som stoppar utbygginga på Karivollen.

Ifølgje tingretten vart dette gjort mellom anna for å sikre utsikt for eigedommen kalla Rypelien.

I 1987 vart det inngått ei avtale mellom familien Leegaard og dåverande eigar av Karivollen, Oddvar Vindegg, om utbygging. Då var planen at det skulle byggast tre bustader – og som eit ledd i dette skulle heftet slettast.

Men berre dersom utbygginga vart fullført. Det vart den aldri.

Omstridd

Utbygging på Ustaoset har i fleire tiår vore mykje omtala. Sidan tusenårsskiftet har Karivollen og Rypelien vore sentrale i fleire av dei store og debatterte sakene.

I 2006 var eigedommane i sentrum då den kontroversielle saka om utbygginga av Ustaoset Fjellandsby kom opp. Mange hytteeigarar gjekk mot planane om utbygginga av leilegheiter på Karivollen. Bygningsplanen vart vedteke av dåverande teknisk hovudutval i Hol kommune.

Hausten 2006 søkte Ustaoset Fjellandsby om rammeløyve til 41 leilegheiter. Utbygginga vart ikkje noko av. Fylkesmannen i Buskerud sa nei og kravde ny områdeplan.

I 2013 vart Karivollen regulert for «konsentrert» utbygging av hytter i den nye områdeplanen. Rypelien vart regulert til frittliggande hyttebusetnad.

Sidan 2018 har Ustaoset Fjellandsby AS, med Thormod Sikkeland som sentral eigar, lansert planar om leilegheiter og parkeringshus. Ifølgje dommen frå Buskerud tingrett er det brukt 20 millionar kroner på planarbeid så langt.

Seinast i juni 2021 var detaljreguleringa oppe til politisk behandling. Då vart planane sendt ut på høyring. Då hadde særleg Senterpartiet sidan 2020 gått kraftig ut mot planane. Det same hadde mange hytteeigarar.

Stoppar utbygging

Familien Leegaard selde Rypelien til Fjellhytten AS for seks millionar kroner i 2021. Og det er Fjellhytten AS som har gått til sak mot Ustaoset Fjellandsby etter at dei ikkje vart samde om heftet frå 1916 var gyldig.

Partane er derimot samde om at «servitutten er gyldig stifta» og tidlegare har vore gjeldande.

Hovudspørsmålet for retten var derfor om servitutten framleis er gyldig, eller om den er falle bort fordi den tidlegare eigaren av Rypelien sa frå seg denne.

– Samla sett finn ikkje retten det sannsynleg ut frå partanes framferd eller omstenda elles, at det er gjeve avkall på servitutten, konkluderer tingretten.

Servitutten gjeld også sjølv om det er vedteke ein ny områdeplan av Hol kommune (i 2013).

I denne saka er det ikkje tvil om at det er direkte strid mellom reguleringa til konsentrert utbygging og heftet frå 1916 om totalt byggeforbod, slår retten fast.

– Ustaoset Fjellandsby forbys å sette i gang utbygging på gardsnummer 542, bruksnummer 535 i tråd med forslaget til detaljreguleringsplan for Karivollen, heiter det i dommen.

Dermed får Fjellhytten medhald i påstanden om forbod mot utbygginga. Ustaoset Fjellandsby må betale 375.800 kroner i sakskostnader til Fjellhytten AS.

Forrige innlegg
2023 – Årsmøte agenda og sommerhilsen
Neste innlegg
Hei nå er vi snart 900 medlemmer i vellet.
keyboard_arrow_up