Det eine utvalet sa ja til byggeforbod i hytteområde – det andre sa nei: – Ei todelt og vanskeleg sak

Eit samrøystes kommuneplanutval ville skjerme området frå framtidig utbygging. Men i eit anna politisk utval har tonen snudd

Under arbeidet med ny arealdel i Hol gjekk eit samrøystes kommuneplanutval inn for at planen Nygård del 2 ved Rallarvegen skulle tilbakeførast til LNF-føremål. Det vil seie at dei regulerte hyttetomtene på området ikkje lenger kan byggast på.

Med bakgrunn i dette fremja administrasjonen eit forslag om mellombels forbod mot tiltak på området. Det skulle sikre at ingen bygging vart starta før den nye arealdelen er endeleg vedteken.

Utval for plan og utvikling behandla saka på torsdag, og her såg det ut til at pipa har fått en annan låt. Fleirtalet vil nemleg ikkje legge ned eit mellombels byggjeforbod.

– Ei todelt og vanskeleg sak, seier Hol Ap sin representant Annbjørg Næsse til Hallingdølen.

Høgre og Ap gjekk saman

Saman med Høgre gjekk Ap imot administrasjonen si innstilling, og synest ikkje det var riktig å legge ned eit mellombels byggeforbod på Nygård del 2. Næsse forstår argumentet om at fleire hytter kan skape meir trafikk inn i eit sårbart område. Men:

– Diskusjonen i vår gruppe har gått på at det er så stor trafikk på området med jernbane og veg inn til kraftverket frå før av. Dette området er ikkje urørt i dag, forklarar ho.

Dette har fleire av grunneigarane peikt på i sine høyringssvar. Dei er svært kritiske til at kommuneplanutvalet ønsker å stoppe all utbygging akkurat her, og har kalla det eit enormt angrep på eigedomsretten.

– Betyr dette at Ap har endra syn sidan kommuneplanutvalet?

– Me tek sak for sak, og eg er klar over kva som vart vedteke i kommuneplanutvalet. Det er klart det blir konfliktfylt når det er snakk om å ta ut byggeområde. Men det var dette me landa på no.

«Sprengstoff»

Knut Erik Hallingstad (H) forklarar Høgre sin ståstad slik:

– Paragraf 13-1 i plan- og bygningslova er ein «nødparagraf» som skal brukast når det er snakk om rasering av eit område. Eg såg ingen grunn til å skulle bruke den i dette området. Her er det bilveg inn til kraftstasjonen, Rallarvegen med 25.000 turistar i året og jernbane. Det skumle ved denne paragrafen er at du også dannar ein presedens.

– Betyr dette at Høgre har endra syn sidan kommuneplanutvalet vedtok at området skulle skjermast?

– Ein plan eksisterer jo fram til ein ny trer i kraft. Og den nye arealdelen er ikkje vedteken enno. Me må også hugse på at det er inngått ein del avtalar på området, seier han og viser til at grunneigaren på Nygård hevdar dei avsto grunn til kommunen for ein anleggsveg i bytte mot ein reguleringsplan for hytter på 1980-talet.

– Det ligg jo ein del sprengstoff i det.

– Så viss grunneigarane ønsker, og har tid til å bygge ut før ny arealdel er på plass, står dei etter dykkar syn fritt til å gjere det?

– Ja, eigentleg.

Hallingstad er personleg er kritisk til forslaget til ny arealdel. Han meiner ein må kunne akseptere fortetting i eksisterande byggeområde, og at ei betre løysing for å skjerme villreinen er å lage ein stig- og løypeplan som styrar trafikken vekk frå sårbare område.

Senterpartiet overraska

Både Hol SV og Senterpartiet ville følgje administrasjonen sitt forslag, men fekk ikkje fleirtal.

– Me ønskte eit mellombels forbod mot tiltak med bakgrunn i kommuneplanutvalet sitt vedtak. Arealdelen er framleis på høyring og det skal gjerast planvask i området. Eit forbod ville sørga for at ein ikkje kan gjere inngrep i denne naturen før arealdelen er vedteken, seier Runar Tufto (Sp), leiar i utval for plan og utvikling.

– Er de overraska over motforslaget frå Ap og Høgre?

– Eg er jo litt overraska når ein ser på kommuneplanutvalet sitt vedtak, som alle støtta, seier han.

Administrasjonen hadde grunngitt forslaget om mellombels byggjeforbod over fleire sider.

– Når lova opnar for eit mellombels forbod meiner me det er riktig av kommunen å bruke det fram til arealdelen er endeleg avklart, seier Tufto.

Det var også lagt fram forslag om mellombels byggeforbod i området Nyset. Her vart resultatet det same. Begge sakene blir avgjort av kommunestyret.

Publisert: 16.09.2024 18:08
Forrige innlegg
Kvifor gispa fisken etter luft og døydde? – Det er ikkje sikkert me finn årsaka
Neste innlegg
Betalingspåminnelse for årsmedlemskapet i Ustaoset Vel.
keyboard_arrow_up