Kvifor gispa fisken etter luft og døydde? – Det er ikkje sikkert me finn årsaka

Det er ikkje sikkert me får svar på kvifor store mengder sik gispa etter luft og døydde i Ustevatn i sommar.

Daud sik i vasskanten

Det var torsdag 18. juli folk oppdaga fisk som gispa etter luft og vart skylt på land i Ustevatn. Dagleg leiar i Ustaoset Vel, Jan Henning Waldal, fekk melding frå ein tilfeldig forbipasserande.– Eg reiste opp for å sjå på dette sjølv og for å varsle vidare instansar. Då såg eg at det låg daud sik i vasskanten. Det er mykje sik i vatnet, men det er uvanleg at han flyt daud eller gispar etter luft, fortalde han Hallingdølen.

Filma og tok prøver

Dei neste tre dagane vart det observert liknande scener fleire stader i vatnet, blant anna på Ustebergsstølen og ved demningen på Ustaoset. Fiskeribiolog og pensjonert miljøvernleiar i Hol kommune, Kjell Mykkeltvedt, var blant dei som reiste for å undersøke og filme. Han såg store stimar med sik som låg halvvegs flytande på overflata og gispa etter luft.

– Eg tok vassprøver og fraus ned nokre fiskar, og eg dissekerte og undersøkte gjeller og innmat og slike ting, utan at eg såg noko eg syntest var unormalt, fortalde han.

– Jækla rart

Sofie Ottesen frå Mattilsynet Leira gjorde også undersøkingar og tok prøver. Grunneigarar og folk frå Hafslund E-CO var også med. Det vart søkt med drone etter fleire stimar som gispa etter luft. Men dei fann berre to fiskar som det så vidt var liv i.

Snart to månader seinare kan ingen gi ei god forklaring på kva som er årsaka.

– Me har ikkje fått noko endeleg svar, og dei fleste sjukdomar er utelukka. Det er jækla rart, seier Kjell Mykkeltvedt.

Han fortel at fenomenet vart registrert tre dagar i juli. Seinare såg dei ikkje noko meir til det. Dette tyder på akutte forklaringar, ikkje sjukdom.

– Eg hadde ein teori før me starta undersøkingane, at det hadde med trykk å gjera. Det som blir kalla «dykkarsjuka». Det har me vore vitne til ved settefiskanlegg. Men dette har blitt utelukka under vegs, seier Mykkeltvedt.

Ikkje ferdige

Mattilsynet har gjort ulike type undersøkingar og arbeidd breitt med å finne ei forklaring, men Sofie Ottesen seier dei til no manglar eit godt svar.

– Me jobbar framleis med undersøkingar; det tek noko tid. Arbeidet vil til slutt ende ut i ein rapport, fortel ho.

– De har ikkje funne forklaringa?

– Me er ikkje ferdige med alle undersøkingar. Men to strekar under svaret har me ikkje. Det er ikkje sikkert me finn årsaka, seier Ottesen.

Det betyr ikkje at dei har teke lett på oppgåva.

– Når det skjer akutte hendingar som dette tilfellet, ønsker me å gå breitt ut. Det gjorde me også. Det er gjort mykje undersøkingar, med prøver av både fisk og vatn. Men det står framleis att litt undersøkingar før me kan presentere ein ferdig rapport, seier Sofie Ottesen.

Forrige innlegg
Ruteendringer Oslo-Ustaoset og Bergen-Ustaoset
Neste innlegg
Det eine utvalet sa ja til byggeforbod i hytteområde – det andre sa nei: – Ei todelt og vanskeleg sak
keyboard_arrow_up